Gå til hovedinnhold Gå til navigasjon

Odd Nordstoga

Odd Nordstoga slipper første smakebit fra et nytt kapittel

I dag slipper Odd Nordstoga singelen «Fri». Singelen er startskuddet på en rekke nye låter fra den folkekjære artisten.  

 

Da Odd Norgstoga slapp «Dette landet» i 2016, sang han seg nok en gang inn i hjertene til det norske folk. Det gledes derfor at han nå er aktuell med ny musikk. «Fri» er første singel fra kapittelet «Mykje lyd», slippes i sin helhet 30. juni. «Mykje lyd» vil bestå av tre låter, før vi kan glede oss til flere kaptiler før historien blir avsluttet i et album våren 2018.  

 

Hør "Fri" HER

«Denne songen handlar om ein fyr som vaknar opp ein onsdag morgon klokka 07:00 og har ein heilt vanleg dag framom seg. I eit døgn no har det lege ei kjensle og murra i han, utan at han heilt har kunna definere kva det har vore. No derimot, over kaffitraktaren, der det viser seg å vera tomt for kaffefilter, står det klarare for han kva det er han treng. Han prøvar å snakke til seg sjølv med fraser som: « Åhhh, eg treng ein ferie altså!», «Åhh, eg er så sliten!», men det er liksom ikkje heilt spikaren på hovudet kjenner han. Så byrjar han, der i underbuksa, å nikke til ein gamal trommegroove han hugsar frå ei anna tid, ein annan stad. Nikkinga forplantar seg og han byrjar å twiste litt der på kjøkengolvet. Katten glyttar oppgjeven og mistruisk opp frå sin søvn borti gyngestolen, men sprett opp og rømer opp trappa i det fyren i underbuksa fyllest av meir og meir entusiasme over å stadig koma nærmare svaret på  kva det er for ei kjensle som velter opp i han. Så veit han det. Han kjenner det: Han treng å bli sett fri. Han treng å smelle opp ei dør og bli ruska med av vinden utanfor. Han gledar seg til helga. Han treng ein laurdag, ein slik laurdag der søndag ikkje finst. Han tek på seg luftgitaren og rockar, framleis i underbuksa, hjelpelaust talentlaust og keitete rundt i huset, barna vaknar og gnir seg indignert i sine indignerte tenåringsaugo. Kona ymtar: «Er alt ok?» Han syng: «EG SKIT I OM SONGEN LIKNAR, BERRE DET ER LAURDAG SNART!!» Så kjem saxofonane og katten hoppar ut vindaguet i andre etage»  

- Odd Nordstoga. 

 

Låten er skrevet av Odd Nordstoga og produsert av Bård Ingebrigtsen.

Odd Nordstoga